torsdag, oktober 26, 2006

Kåseriet eg leverte i norsk

Hos tannlegen

Du kjem inn i rommet. Du set deg i stolen, knyter føtene rundt stolbeina, presser rumpa hardt mot stolsete, før du finn eit vekeblad som du let som du les. Før dei til slutt ropar namnet ditt. Andersen, tannlegen ventar deg innerst i gangen til venstre.

Men du får ikkje gå rett i den komfortable stolen, og legga deg ned å kikka inn i det blendande lyset må du tru. Ei dame seiar: kom med meg, og glisar med så mange av dei snøkvite tennene sine på utstilling som ho klarer, kanskje har ho som mål å vise deg jekslane sine? Ho pressar deg til å gå inn i et lite mørkt rom, du veit det ikkje nyttar å nekte. Det prøvde du allereie som 7-åring, då kom truslane med Karius og Baktus som skulle hogge og riva hol i tennene dine, og som om det ikkje var gale nok skulle du ikkje få leike eller glansbilete hellar! Men tilbake til det mørke vesle rommet som kan gje eit kvart menneske klaustrofobi. ¨Sitt¨,¨Gap opp¨. Ho pressar dei herlege harde gjenstandane som skal ta bilde inne i munnen din. Det kjennes bra, gjer ikkje noko at dei skjær seg inn i tannkjøtet og frambringar ein brekning eller to. Tunga puffar og dyttar, ho forstår ikkje at dette er behageleg! Etter ein evigskap er det over, iallfall i det vesle rommet som minnar deg om når storebror stengde deg inne i kottet!

¨Nedst til venstre¨. Du drar føtene etter deg, ein etter ein. Dei nektar å samarbeida. Eigentleg burde rommet låge på høgre side, for venstre del av hjerta er det største. Men kva veit vell tannlegar om slikt. ¨Neimen så koseleg, er du her igjen Andersen¨. Du nikkar. Set deg lydlaust ned i den merkelege stolen. Ho trykkar på ein pedal, ho elskar å sjå ned på andre! Der ligg du, blir tving til å leita etter bussemenn i nasen hennar. Samtidig skyv ho det blendande lyset som gjer at tårene dine trillar. Kva er dette her, det var ikkje her sist. ¨Vi har fått bilete i taket, slik at dei med tannlege angst skal slappe meir av¨ Les ho tankane dine? Kanskje er det ein sånn ny oppfinning, nett som løgndetektoren du har sett i alle desse kjende tv-programma? Du prøver å ikkje tenka på det.

Ho grafser etter utstyret som ligg rett overfor hovudet ditt. Finn ¨stikkerten¨ og nykkar og nappar ned i tennene dine. Ho er på skattejakt, har du oversedd noko sist du pussa tennene? No kjem det snart: ¨Er du flink å bruke tanntråd¨ du svarer et usikker ¨Ehm…¨.ho finn fram den vesle spegelen, som ho bruker til å speide inn dei gigantiske hola. Som ho er overbevist om at er der. Men stopp eit augeblunk og tenk, korleis kan ho vere så sikker på at det er hol der? Har du tenkt over kvifor ho bruker ¨stikkerten¨ ? Det er sjølvsagt for å lage nye hol. Om ein ikkje har hol, er det standard kommentar frå dei glisanes tannlegane : ¨ Eg kan sjå at du har eit begynnande hol¨. Men er det merkeleg når dei pirkar og stikk i tennene dine kvar gong du legg deg ned i stolen deira? Pluss dei veit jo korleis det dei sjølv har laga ser ut. Er det kanskje dei som er dei vemmelege Karius og Baktus som me høyrde så mangt om som barn? Er det kanskje tannlegar som har skreve den boka, og prenta ho ut i nokon annan sitt namn? Her kjem dei å diktar opp vemmelege små beist som liksom skal leva i munnen din, men eg har aldri sedd røde prikkar i tenna mine eller svarte, utanom når eg har ete jordbær da. Det er vell ikkje lenge før tannlegar påstår at du må slutte å eta jordbær fordi det er her alle Kariuser og Baktuser kjem ifrå.!

Å samtidig som dei punkterer og skraper opp tenna dine, snakkar dei om å pusse og ta vare på tenna sine. Men eg må spør ¨kva er vitsen med det, når dei lager hol kvar gong du er der?¨ For så å reparere dei neste gong du er der? Folk er visst alt for flinke til å pusse tenna. Spesielt barn, dei må til tannlegen fleire gonger i året, for at tannlegen skal varta fornøgd og ha nok å gjera. Tenk om alle hadde folk hadde pussa tenna bare litt meir skjeldent så hadde kanskje tannlegane sleppe å skada tennene vore kvar gong me var der?
Bare sjå på barna i Afrika, dei har sikkert aldri pussa tenna i sitt liv, å sjå kor fine å kvite tenner dei har! Men over på noko litt anna. Mens du ligg der å prøver å ikkje skrike å skjelle dei ut for å øydelegge tenna dine byrjar du å sugle. Dette er tannlegers store skrekk. Det finnes jo stoffar i spyttet som drep bakteriar, kan dei kanskje fikse skrapene og hola tannlegane lagar også? Det er kanskje derfor dei stappar nedi den ekle ¨sugaren¨ som slurpar i seg den stakkars spyttvæska som bare prøvar å hjelpe. Det er fortvila, alt kroppen vår prøvar å gjera er å forsvara seg. Som dei stakkars israelarane som prøver å holde på landet sitt kjempar det tappert. Men spyttet tapar kampen, som så mange andre spyttklyser har gjort.

Nei tannlegar har nok for lite å gjera. Det aller verste nå med at eg må gå til tannlegen må eg innrømme er, at eg ikkje lenger ei gong får glansbilete og pynteting! Det er hardt å sjå kor kalde og hjartelause nokre menneskjer er.

mandag, oktober 23, 2006

Swingkurs!!!

La det swinge la det rock'n roll
La det swinge til du mister all kontroll!!!

I helgå va eg å loverboy på swingkurs.. futti så jilt!
det va litt slede i begynnelsen. sleid litt bare me å gå så eg tenkte koss kjæme dette t å gå..
eg å christian e kje dei så he mest rytme i kroppen!

men ja.. nå e me mesten verdensmestera.. bare nogen få meter igjen! hehe
tusen takk for at du gadd verme christian :)

onsdag, oktober 18, 2006

På god veg i d nya året!

Nå he eg bjunt å få roen litt i hjarta å kan igjen slappa litt av å nyda livet!
men eg må sei at eg merke godt eg nå går 3. året. merke at eg he litt møje å jær, t tie litt for møje.. Å eg føle vennskabå t dei eg e glae i lide litt for dette. Men einaste eg kan jær e å prøva å prioritera di... så viss dåkk føle eg ditche dåkk så e d absolutt ikkje meiningå :) å eg blir superglae når dåkk spør om eg vil verme på ting!

Ellers he eg kome tebage frå den fantastiske men korte haustferien..der d som vanligt blei folt program, å ikkje så møje ti t å somla så eg hadde håpt på ;)
ting eg fekk gjort i haustferien:
- bedehustur
- oslotur
- besøkt farmor
- sitt film med en gjeng(filmen hadde me noge me helle på me på skulen)
- strikka!

ting eg ikkje fekk gjort..
- rydda rommet
- sove vekk heile haustferien

Nå he eg kome i gang me konfirmantane mine. Når eg hadde den fusta samlingå va eg litt sleden. Men futti så kjekt d e nå.. har hatt 2 samlinga nå.. å eg e allerede begynt å bli glae i jentene! Men eg får kje verme di på tur i helgå då.. d e litt kjipt! komme t keffor litt seinare!!

åsså he eg kome i gang me ei gruppa for jentene eg hadde i fjor! drid kjekt! te nå så e me 5 å eg satse på at me komme opp i 8 elle 10 iløp av året :D vett kje heilt kor mange så vett ke me helle på me ;) å d jilla e at di velle å gå på den gruppå heilt sjøl.. for å hørra om jesus å ha d jilt :D

yes... komme nok en nye blogg i nærmaste framti om ke så skjer i helgå... futti eg glede meg noge sjukt!!!

kos å knib i frå ingrid!
tusen takk for alle dåkk så e vennane mine, dåkk jær livet mitt verdt å leva når ting e stress!
tusen takk jesus for at du elske meg å lar meg komma t deg å kvila :)
tusen takk christian.. forde at du e t, at du elske meg å at du en bestevenn :)
tusen takk for at eg he en familie.. så støtte meg å e glae i meg :)
e så sinnsjukt glae i dåkke alle

onsdag, oktober 04, 2006

Eg sto eg sto eg sto!!

Eg he bestått teorien!!!
va bare den lettelsen når eg såg det fantastiska synet av den tommelen, og bokstavne så lyste mod meg:

- Du har bestått!

7 feil.. akkoratt passe :D
Gud må ha våre me meg, eg va fillen så vrag før eg gjekk inn.. åsså gjekk alt så bra!
fekk masse spørsmål eg hadde øvt på på internett!

får dåkk så slide me teoriprøven:
www.teoritentamen.no
koste 30kr så kan du ta an så mange gonge du vil iløbe av et døgn!!!

halleluja eg e ferdige me teorien..
så va d oppkjøringå,.. den e d litt verre me!